Om Asles Honning
Honning startar med friske bier og gode levevilkår. Eg starta med birøkt i 2022 etter kurs og opplæring, med eit ønske om å produsere ekte honning av høg kvalitet og samtidig bidra til pollinering og biologisk mangfald. Det som byrja med to bikubar har sidan vakse år for år.
Bigardane ligg i omgivelser prega av kulturlandskap med frukttrær, bærbusker, skog, ville blomster og urter som gir biene eit rikt og variert trekkgrunnlag gjennom sesongen. Jordsmonn, plantar og klima i området set sitt preg på honningen og bidreg til både god kvalitet og ein særprega smak.
Birøkt krev tid, kunnskap og tett oppfølging gjennom heile sesongen. Gjennom erfaring og samarbeid i Midt-Telemark birøkterlag har eg lært kor viktig det er å ta vare på biene for å få sunne samfunn og god honning.
Det finaste med birøkt er å sjå biene arbeide frå vår til haust og vite at honningen i kvar krukke kjem frå blomster og naturen rundt oss. For meg handlar dette ikkje berre om honning, men om respekt for handverket, naturen og biene som gjer alt mogleg.